Norway

Debatt: – Historia syner oss kva folk vil sjå på fotballbana


Historia syner oss at folk vil sjå god fotball, i tillegg til at favorittlaget vinn, sjølvsagt.

I kvartfinalen mellom Barcelona og Real Madrid 30. mars vart det sett ny verdsrekord for tilskuartal på ein kvinnekamp i fotball. Heile 91.000 såg heimelaget vinne 5–1 på Camp Nou.
  • Johannes Nymark

    Førsteamanuensis emeritus ved NHH

Publisert Publisert

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

«Jeg vet ikke så mye om fotball, men det var forferdelig som de løp rundt og sparket og slo hverandre. Snart var det de andre som vant, og snart var det vi – men jeg er sikker på at det var vi som vant oftest. Midt på dagen stoppet de å spille i en time – og det var brød og ost og øl på bakken, så mye du ville ha.»

Dette fornøyelege utdraget av eit brev står å lesa i det eg meiner er den beste fotballboka som er skriven på norsk, Richard Herrmann si «Da ballen ble rund og andre historier om engelsk fotball» (Cappelen 1976). Brevet stammar frå det «førhistoriske» fotballåret 1720 og vitnar om at kampen om den runde ballen alt den gongen kalte på folkelege pasjonar og at ein kunne nytta utanomsportslege triks for å vinna. Mykje slik det er i den gjennom kommersialiserte fotballen av i dag.

Johannes Nymark har skrive bøkene «Verdas viktigaste bagatell – essay om fotball og globalisering» (Samlaget 2002), «Draumen om Catalonia – katalansk identitet i historisk lys» (Samlaget 2015) og «Barca. I kamp sidan 1899» (Samlaget 2021).

Men det er ikkje alltid slik, sjølv om ein gjerne seier at det er vinnarane ein minnest. Frå 1970-talet er det Nederland ein hugsar, frå fotball-VM både i 1974 og 1978. Grunnen er sjølvsagt den fotballen det nederlandse landslaget spelte, totalfotball: høgt ballinnehav, sterkt press på motstandarane og ekstremt fin flyt i pasningsspelet.

Totalfotballen blir rekna for å vera publikumsvennleg og vakker å sjå på. Dette er truleg grunnen til at så mange fell for denne stilen og hugsar lag som nyttar den, sjølv om laga slett ikkje alltid vinn.

Sjølv om Nederland og Johan Cruyff aldri vann VM, sette dei spor etter seg med sin totalfotball. På biletet passerar Cruyff ein liggande Paul Breitner i VM-finalen mellom Nederland og Vest-Tyskland i 1974. Finalen tapte Nederland 1–2.

Den nye filosofien med totalfotball blir rekna for å vera ei vidareutvikling av stilen til det ungarske landslaget på starten av 1950-talet. Dei ungarske magyarane vann OL i Helsingfors i 1952, men blei berre nummer to i VM i Sveits to år etterpå. Dei tapte finalen mot eit traust Vest-Tyskland 3–2 jamvel om dei hadde leia 2–0 det meste av kampen.

Som om ikkje det skulle vera nok, hadde dei slått tyskarane ikkje mindre enn 8–3 i den innleiande runden. Då hadde Ungarn i kvartfinalen mot Brasil vore gjennom ein knokkelkamp à la den omtala frå 1720, ein av dei store skandalekampane i fotballhistoria, med om lag 50 frispark og tre utviste spelarar.

Eit anna storlag som aldri vann VM er Ungarns 1956-utgåve. Også for dei var det Vest-Tyskland som vart for sterke. På biletet helser kaptein og stjerne, Ferenc Puskas, på Noregs kaptein, Torbjørn Svendsen framfor ein treningskamp i 1955. Ungarn vann 5–0 framfor 27 528 tilskodarar i Oslo.

Men er det nokon som har sans for det fine spelet, er det Brasil. Så stor har den kvite mann sin frykt vore for å missa hegemoniet i sporten at tilmed i det multikulturelle Brasil kom det i 1921 ei forordning frå presidenten om at afrobrasilianarar ikkje kunne vera med i den søramerikanske meisterskapen. Likevel: I Brasil, meir enn i noko anna land i verda, er folk interesserte i god fotball, og folk gjekk mann av huse for å sjå kampane til Vasco da Gama, som rekrutterte svarte og kvite spelarar frå fattige kår.

Den gongen var det ingen som meistra fotballkunsten betre enn Vasco da Gama, og rundt 1930 tvang det seg gjennom ein slutt på det fotballmessige apartheid-systemet i Brasil. Så seint som midt på 1970-talet blei det stort oppstyr då engelske West Bromwich stilte med gode svarte spelarar, og endå meir då backen Viv Anderson kom på det engelske landslaget som første svarte.

Viv Anderson, nr. tre frå v. i midtre rekke, var den første svarte landslagsspelaren for England. Biletet viser Englands tropp framfor fotball-VM i Mexico i 1986.

Kvinner har òg vore rekna som noko for seg sjølve innan idrett. Vi som har levd ei stund, minnest korleis Grete Waitz kjempa for at kvinner skulle få konkurrera på langdistansane. Meir nyleg har vi sett Maren Lundby sin strid for at også damene skal kunna hoppa i dei største bakkane. Pionerane er viktige. Når vi på 1970-talet lo hånleg – eg må vedgå at eg gjorde det sjølv òg – av damelaga i fotball, då visste vi ikkje at kvinnelege pionerar hadde prøvd heilt sidan starten av hundreåret å setta kvinnelag på dagsorden.

Ei av dei store pionerane var Ana María Martínez Sagi. Ho var aktiv i fleire idrettsgreiner, og i 1934 blei ho den første kvinnelege medlemmen av styret i FC Barcelona. Målet hennar var å få oppretta ein seksjon med kvinnefotball, og då ho ikkje nådde fram, trekte ho seg like godt. I 1980 godkjende det spanske fotballforbundet kvinnefotball, som utvikla seg smått om senn. Club Femení Barcelona blei skipa i 1988, og klubben blei snart ein del av FC Barcelona.

Caroline Graham Hansen jublar etter scoring for Barcelona i sigeren mot Real Madrid i Champions League-kvartfinalen 30. mars.

Kvinnene til Barҫa har lagt seg på same linje som herrelaget, med vekt på vakkert, publikumsvennleg spel. Og når herrelaget sviktar, går publikum på damekampane. Medan herrelaget berre hadde rundt 57.000 tilskodarar både mot Cádiz og Rayo Valecano i april 2022, kunne damelaget skilta med over 91.000 både mot Real Madrid og mot Wolfsburg.

Så populært er kvinnefotball blitt at tilmed erkekonservative Real Madrid i 2020 kjøpte opp CD Tacón for 300.000 euro, eit lag som nettopp hadde gått opp i den øvste divisjonen. Her på berget har Sandviken sitt damelag blitt ein del av Brann.

I våre dagar er det kasinokapitalime som trugar fotballen, med ei stadig større kløft mellom griske fotballmogular – somme av dei er ikkje eingong interesserte i fotball – og ekte supporterar, som ofte ikkje har råd til å sjå favorittlaget sitt. All røynsle seier oss at folk vil sjå fotball – god fotball! – så vi får håpa den mest grådige pengemakta ikkje får tura fram som no. Det kan øydelegga heile fotballmoroa.

Publisert



Source link